Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga

i lærer-, lektor- og barnehagelærerutdanningene

Disputas fredag 25. januar ved Universitetet i Agder:

Tittel på avhandlinga: Forteljingar om eigenart og undertrykking: Ein studie av undervisningstekstar om minoritetane romanifolket og romar

Samanfatning: Forteljingar om minoritetar i skulefaget historie

Avhandlinga handlar om korleis tematikken minoritetshistorie blir handsama i skulefaget historie. Dette utforskar Kalsås gjennom ein analyse av eit utval undervisningstekstar som omhandlar den norske minoriteten romanifolket/taterane og den svenske minoriteten romar. Resultatet av analysen viser at det særskilt er to typar av historiske forteljingar som blir formidla om desse minoritetane, ei om undertrykking av minoritetane og ei om minoritetsgruppene sine kulturelle eigenartar. Desse forteljingane ser Kalsås i samanheng med to pågåande politiske prosessar i Noreg og Sverige. Forteljinga om undertrykking svarer på politiske spørsmål om historisk rettferd og oppreising for minoritetane, mens forteljinga om eigenart skriv minoritetane inn i den minoritetspolitiske kategorien «nasjonal minoritet». Kalsås undersøkjer vidare den didaktiske utforminga av undervisningstekstane, ut frå læreplanen sin målsetjinga om å utvikle elevane sitt historiemedvit. Analysane viser at undervisningstekstane har manglar når det kjem til det å oppnå progresjon i utviklinga av elevane sitt historiemedvit. 

Funna frå denne avhandlinga peikar mot at dei undervisningsresursane som er tilgjengeleg for å undervise om minoritetshistorie, ikkje i tilstrekkeleg grad klarer å integrere tematikken i ein  fagleg heilskap. Dette er eit særskilt relevant funn i ljos av den pågåande fagfornyinga i den norske skulen. Utkasta til nye læreplanar indikerer at dei nasjonale minoritetane vil få ein tydelegare plass i det fornya historiefaget. Samstundes er den overordna målsetjinga for fagfornyinga å fremje dybdelæring, der elevane skal tileigne seg visse kjerneelement i faget. Dette vil fordre eit vidare didaktisk arbeid for å integrere tematikken minoritetshistorie i skulefaget historie.

Kontaktinfo: vidar.kalsas@uia.no 

 

© Copyright. All Rights Reserved.