Kategorier
Nyheter

Konferanse 2024

Me må diverre kome me ei nyhende som helst skulle vore utan. Nemleg at det diverre ikkje blir nettverkskonferansen denne hausten. For som ein del av dykk kjenner til, gjorde den økonomiske situasjonen ved NTNU og vanskar knytt til finansieringa av konferansen, at planleggingsgruppa for konferansen kom fram til at konferansen ikkje kunne gjennomførast. 

Saken blei dekka av både Khrono og Universitetsavisa (NTNU).

Dette meiner me i styret sjølvsagt er svært synd på nettverket sine vegne, men me forstår avgjersla frå planleggingsgruppa si side. Diverre tok avgjersleprosessen ved NTNU for lang tid til at me rekk å finna ein annan arrangør. Me i styret vonar likevel å få til eit mindre digital arrangement i samanheng med årsmøtet, som blir uansett blir gjennomført digitalt til hausten. Me kjem tilbake med meir informasjon om programmet.

Det blir satsa og jobba altfor at det skal bli konferanse i 2025.

Legg igjen en kommentar