
Det er på tide å sette av datoene 30. november og 1. desember som er tidspunkt for årets samfunnsfagkonferanse. Konferansen organiseres i år av Høgskulen på Vestlandet, og vil bli arrangert på campus i Bergen. Arrangørene presenterer årets tema:
Samfunnsfaget i urolege tider
Samfunnsfagkonferansen i år skjer i ei tid med krig i Europa, menneskerettar under auka press, auka polarisering, teknologiske omveltingar og ei overhengande klimakrise.
Kva er rolla til samfunnsfaget i slike urolege ider? Demokratiforståing, berekraftig utvikling og barn og unge sine behov for å meistre eigne liv og helse står som overordna berebjelkar i skule og barnehage. Faget turnerer i ei rekke spenningar, til dømes mellom sosialisering og systemkritikk; mellom kritisk tenking og framtidshåp, mellom fokus på individ- og systemnivå, mellom natur og samfunn, mellom fortid og samtid.
Kva rolle skal lærar- og barnehagelærarutdanningane ha i utdanninga av framtidige lærarar til undervising med barn og unge midt i alle desse spenningane?
Frist for innsending av abstract er 1. juni 2023.